Vi søkjer etter

Prosjektleiar/Anleggsleiar

Vi ser etter deg som har evne til å leie våre prosjekt på ein stødig og god måte. Di oppgåve vil vere å sikre lønsam drift og effektiv gjennomføring av våre prosjekt, og du vil ha ansvar for leiing av menneskelege og materielle resursar. Du må kunne arbeide sjølvstendig men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre. Vi ser etter deg som har auge for gode løysningar og som arbeider strukturert og effektivt, samt har høgt fokus på HMS og kvalitet.

 

Dine kvalifikasjonar:

  • Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid. Arbeidet kan medføre behov for både reising og overnatting på prosjekt.
  • Løysningsorientert, sjølvstendig og evne til å ta ansvar.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsbransjen.
  • Utdanning eller kursing innan prosjekt- og anleggsleiing. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kunne vege opp for manglande formell kompetanse.
  • Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B og BE.

 

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
  • Moglegheit for fagleg utvikling.
  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

 

For meir informasjon og innlevering av søknad og CV, følg denne lenka: Ledige stillingar

Søknadsfrist er snarleg. Kandidatar vil verte vurdert fortløpande.