Volda Maskin AS vart skipa i 1990. Jon Grebstad er eigar og dagleg leiar, og sidan 1990 har det blitt bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. I tillegg til dette har vi ein moderne maskinpark og dette gjer oss godt rusta for å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Oppdragsmengda har auka jamnt og trutt på disse åra, bedrifta har auka talet på faste tilsette frå 3 til 70.  Fornøgde oppdragsgivarar er vår beste marknadsføring, og vi arbeider difor kontinuerlig for å vere ein sterk aktør innan vår bransje.

Frå starten i 1990 og fram til 2004 hadde vi kontor på Lauvstad. I august 2004 flytta vi kontorlokale til Volda Sentrum, men lokalet blei for lite for eit firma i vekst, og i 2018 fekk vi samla både lager, verksted og eit nytt administrasjonsbygg i Furene.

I 2018 vant vi prisen for årets lærebedrift og årets bedrift. Dette er noko vi kvar dag prøver og strekke oss etter. Vere ei bedrift som tek vare på våre tilsette og stadig ha blikket framover på grunn av utviklinga rundt.

I april 2023 tok Hans Petter Almenning Eldevik over stafettpinnen som dagleg leiar, og Jon er no prosjekt og kalkulasjons ansvarleg.

Våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylker.