Volda Maskin legg vekt på å være ei attraktiv bedrift, med høg kompetanse innan våre fagfelt. Vi har gode system og moderne utstyr som er tilpassa aktiviteten i vår bransje. Dette sikrar god gjennomføringsevne i alle typar prosjekt.

Vi har over 70 faste tilsette, og faste avtalar på innleigd arbeidskraft etter behov. Våre tilsette har kompetanse innan alle fagområder i bransjen. Volda Maskin er medlem av MEF – Maskinentreprenørenes Forbund og OKAB – Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene.

Vi er godkjend lærebedrift innen transportfaget, anleggsmaskinførerfaget og anleggsrørleggerfaget, og vi satsar aktivt på lærlingar. Vi har som mål å vere ei god lærebedrift som har fokus på kvalitet og kompetanse i alle operasjonar. I 2017 vart vi kåra til årets lærebedrift. Vi meiner det er viktig å vise lærlingar tillit og gi dei ansvar slik at dei får vise kva dei er god for. Som lærling hjå oss får ein prøve seg på mange varierte jobbar som gir ulike utfordringar. Dette gir verdifull arbeidserfaring. Anleggsbransjen er ein spennande bransje med gode framtidsutsikter. Jobbmoglegheitene er gode og ein har mange ulike utdanningsvegar vidare ved å ta fagbrev. Vi tilbyr også våre ansatte som ikkje har tatt fagbrev frå tidligare, ei muligheit å ta fagbrev på jobb.

ISO

Vi er sertifisert innanfor:

  • NS-EN ISO 9001:2015      Kvalitetsledelse
  • NS-EN ISO 14001:2015    Miljøledelse
  • NS-ISO 45001:2018          Arbeidsmiljø

 

Sentrale godkjenningar

Det er ei frivillig kvalitetsordning som beskriv fagleg kompetanse, rutinar for kvalitetssikring og seriøsitet i eit føretak.

Om du vil lese meir om kva sentral godkjenning er og kva krav som ligg til grunn for å få sentral godkjenning kan du følgje linken til Direktoratet for byggkvalitet:

Direktoratet for byggkvalitet

Utførande

  • Veg- og grunnarbeid, klasse 3
  • Landskapsutforming, klasse 3
  • Vannforsynings- og avløpsanlegg, klasse 3
  • Riving og miljøsanering, klasse 2
  • Innmåling og utstikking av tiltak, klasse 3