HMS

Vi jobbar aktivt med å reduser H-verdien (personskadefrekvens) og F-verdi (fråværsdagar som følgje av personskadar) med minimum 2% årleg. Målet er nådd når 0-visjonen er nådd, og som eit ledd for og nå dette har vi som mål å ha N-verdi >1500 (rapporteringsfrekvens).

Arbeidsmiljø

Gjennom nære relasjonar og tillit har Volda Maskin AS bygd solide grunnlag for eit robust og godt arbeidsmiljø. Kontinuerleg fokus på kompetanse- og kunnskapsheving er med på å løfte arbeidsmiljøet. Med velferdstilbod som treningsavtale med Aktiv Trening og Family Sports Club er vi med på og bidra til ei bedre helse for våre tilsette. Vi har òg eit nytt kontorbygg med god belysning, godt inneklima og moderne kontor med hev- og senk pult for alle. I 2021 sertifiserte vi oss i NS – EN ISO 45001:2018.

Kvalitetsstyring

Volda Maskin AS har som mål å vere ein allsidig, robust og påliteleg aktør på marknaden. Vi skal levere produkt og tenester som samsvarar med forventningane til våre oppdragsgivarar, og vi skal til ei kvar tid overhalde lover, forskrifter og gjeldande standardar.

Vi er sertifisert etter NS-EN ISO 9001:2015 Ledelsessystemer for kvalitet. Formålet med sertifiseringa er å kontinuerleg jobbe for å forbetre oss innan alle aspekt og skape eit solid grunnlag til ei berekraftig utvikling. Dette styrkar konkurranseevna vår, og vi tilfredstiller alle krav frå oppdragsgivarar både innan kvalitet og miljø. Volda Maskin AS har eit tett samarbeid med Argus AS som har bistått oss i oppbygginga av vårt kvalitetssikringssystem som er til god nytte for å sikre at kvaliteten og krava blir kontrollert og fylgt opp

Vi forpliktar oss til å kontinuerlig styrke vår konkurranskraft ved så tydelege avtalar at vi både leverer i henhold til avtalen og aukar vår inntening. Vi har til hensikt å styrke vårt omdøme i marknaden å være løysningsorienterte og ordholdne leverandørar av maskinentreprenørtjenester.

Ytre miljø

Miljøspørsmålet står høgt på agendaen hjå alle bransjar og alle må prøve å gjere sin del for å redusere utslepp, forsøpling og overforbruk. Volda Maskin tek grep på fleire område slik at vi samla sett kan gjere ein forskjell. Vi skal tilfredsstille lov, forskrift og kundekrav på ein slik måte at vi bidreg positivt.

Volda Maskin er ISO-sertifisert etter standarden NS-EN ISO 14001:2015 Miljøstyring. Sertifiseringa stiller krav til dokumentasjon på at vi kontinuerlig jobbar for å begrense vårt avtrykk på det ytre miljøet, samt at vi held eit høgt nivå på kvalitetsarbeidet i bedrifta.