Vi søkjer etter

Formann

Vi søkjer etter deg som har erfaring frå anleggsbransjen og ønsker deg meir ansvar. Stillinga vil vere eit bindeledd mellom leiing og produksjon på anlegg, og vil kombinere anleggs-/maskinarbeid med ulike ansvarsoppgåver. Du vil ha ansvar for planlegging og gjennomføring av grunnarbeid og masseforflytning. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre. Du må vere rutinert og lærevillig, for å oppfylle stadig strengare krav til dokumentasjon på utført arbeid. Di oppgåve vil bl.a. vere å følgje opp innlevering av dokumentasjon på prosjektet. Vi ser etter deg som har auge for gode løysningar og som arbeider strukturert og effektivt, samt har høgt fokus på HMS og kvalitet.

Dine kvalifikasjonar:

  • Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid. Stillinga kan omfatte arbeid på anlegg med lang reiseveg eller arbeidstidsordningar med krav om å bu på anlegg.
  • Løysningsorientert, sjølvstendig og evne til å ta ansvar.
  • Maskinførarbevis, ADK eller andre relevante kurs.
  • Fagbrev innanfor relevant fagområde. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt.
  • Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B og BE.

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
  • Moglegheit for fagleg utvikling.
  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

For meir informasjon og innlevering av søknad og CV, følg denne lenka: Ledige stillingar

Søknadsfrist er snarleg. Kandidatar vil verte vurdert fortløpande.