image_view.jpg

Historie

Volda Maskin AS vart skipa i 1990. Jon Grebstad er eigar og dagleg leiar, og sidan 1990 har det blitt bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. I tillegg til dette har vi ein moderne maskinpark og dette gjer oss godt rusta for å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Oppdragsmengda har auka jamnt og trutt på disse 30 åra, bedrifta har auka talet på fast tilsette frå 3 til 75. Vår visjon er at vi skal vere der det skal byggast. Fornøgde oppdragsgivarar er vår beste marknadsføring, og vi arbeider difor kontinuerlig for å vere ein sterk aktør innan vår bransje.  

Frå starten i 1990 og fram til 2004 hadde vi kontor på Lauvstad. I august 2004 flytta vi kontorlokala til Volda Sentrum, men lokalet blei forlite for eit firma i vekst, og i 2018 fekk vi samla både lager, verksted og eit nytt administrasjonsbygg i Furene. 

Våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylket. 

Kompetanse og kvalitet

Volda Maskin legg vekt på å være ei attraktiv bedrift, med høg kompetanse innan våre fagfelt. Vi har gode system og moderne utstyr som er tilpassa aktiviteten i vår bransje. Dette sikrar god gjennomføringsevne i alle typar prosjekt.

Vi har over 70 faste tilsette, og faste avtalar på innleigd arbeidskraft etter behov. Våre tilsette har kompetanse innan alle fagområder i bransjen. Volda Maskin er medlem av MEF - Maskinentreprenørenes Forbund og OKAB - Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene. I 2021 vart vi tariffbedrift, og vi har sertifisert oss innen ISO 9001:2015 , ISO 14001:2015 og ISO 45001:2018. 

Vi er godkjend lærebedrift inne transportfaget, anleggsmaskinførerfaget og anleggsrørleggerfaget, og vi satsar aktivt på lærlingar. Har som mål og vere ei god lærebedrift, og i 2017 vart vi kåra til årets lærebedrift. Og i 2018 årets bedrift. Som opplæringsbedrift har vi fokus på kvalitet og kompetanse i alle operasjonar. Vi meiner det er viktig å vise lærlingar tillit, og gi dei ansvar slik at dei får vise kva dei er god for. Som lærling hjå oss får ein prøve seg på mange ulike jobbar som gir ulike utfordringar. Dette gir verdifull arbeidserfaring. Anleggsbransjen er ein spennande bransje med gode framtidsutsikter. Jobbmoglegheitene er gode og ein har mange ulike utdanningsvegar vidare for dei som har fagbrev.

Samfunnsansvar

Volda Maskin er medvitne vårt samfunnsansvar, vi tek vare på våre tilsette, våre samarbeidspartnarar og våre omgivelsar. Det er viktig at bedrifter som har moglegheita satsar på dei unge, og gir dei læreplass slik at ungdommen får den praktiske tilnærminga dei treng for å verte dyktige fagarbeidarar i framtida. 

Det er også viktig å bidra til lokalt initiativ og eldsjeler som arbeider frivillig for at vi andre skal ha gode lokale tilbod innan kultur, idrett og helse. Difor brukar Volda Maskin kvart år delar av overskotet til å støtte opp om ulike aktivitetar. Her i regionen har vi eit rikt idretts- og kulturliv, mykje grunna frivillig arbeid. Vårt mål er å vere ein bidragsytar som motiverer til dugnadsinnsats, og gjer det lettare å skape verdiar i lokalsamfunnet. Vi er ein av gullponsorane til VTI Fotball, og i tillegg støttar vi opp om mange andre idrettslag og organisasjonar som gir ein verdi tilbake til samfunnet innan tema idrett, kultur og helse.

Bildet øverst er tatt med nøyaktig 20-års mellomrom og syner litt av utviklinga. Maskiner og utstyr har utvikla seg mykje dei siste 30 åra.