I anleggsbransjen vert ein ofte sett på som nøkkelaktørar pga bransjens påverknad på miljø, ressursar og energibruk.
FNs bærekraftmål legg ei overordna føring for korleis ein kan redusere utslepp, også er det opp til kvar enkelt land å legge til rette for at måla kan nåast.
Av dei 17 måla som FN har satt opp har vi i Volda Maskin valt å fokusere på 4 av dei, der vi meiner vi kan bidra positivt til å nå måla.

 

  • 4 – God utdanning: Lik tilgang på yrkesfagleg opplæring, auke andel unge og vaksne som har kompetanse for sysselsetting, anstendig arbeid og entreprenørskap.
    Kva vi kan gjere: Vi kan sette konkrete mål om andel fagutdanna, kursing av tilsette, andel tilsette med høgre utdanning, fokus på lærlingar og fortsette å sikte mot ein høg lærlingprosent.
  • 5 – Likestilling mellom kjønna: Sikre kvinners rett til leiarskap og utdanning.
    Kva vi kan gjere: Tradisjonelt sett har anleggsbransjen vore mannsdominert, derfor vil vi fokusere på andel kvinner vi tilsett, og vi har ei målsetting om å ha ei auke i kvinnelege tilsette. Pr 2024 har vi 14,5% kvinner og 30% av desse er i leiarstillingar. Vi sikter på å ha 30% kvinnelege lærlingar, noko vi pr 2024 har oppnådd.
  • 8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst: Sikre anstendig arbeid og entreprenørskap, dette er forankra i tariffavtale.
    Kva vi kan gjere: Ved å følgje tariffavtale og sikre rettferdige like vilkår for våre tilsette, kan vi bidra til å styrke det lokale arbeidsmarknaden og auke produktiviteten. Dette vil igjen føre til auka økonomisk vekst og ei berekraftig utvikling.
  • 12 – Ansvarlig forbruk og produksjon: Oppnå bærekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar.
  • Kva vi kan gjere: Gjenbruke masse, ikkje køyre vekk samtidig som vi kjøper nytt. Helst planlegge mellomlagring, i staden for transport og utbytting. Dette er det mest bærekraftige vår bransje kan gjere, det vil vere betre for miljøet på sikt enn el-maskiner.