Våre nye tilskudd i maskinparken

Før jul blei det kjøpt ny krokbil, og for nokre dagar sidan var Jon stad og henta ein flott 51 åring, Volvo N-88. Maskinparken veks med flotte bilar som er både nye og gamle :)

Hurra !

Volda Maskin feirar 30 år !

Timelapse frå bygging av trafotomt i Osdalen

I forbindelse med bygging av ei trafotomt på eit prosjekt vi har i Osdalen er det laga ein timelapse som syner eit par timars arbeid på formiddagen i går. Takk for fint utført arbeid og kjekk video Eivind! Video: Eivind Dimmen

Besøk av samferdselsministeren

Fredag 9. august var samferdselsminister Jon Georg Dale på besøk hjå oss. OKAB og MEF var også invitert til å delta. Vi hadde ein fin dialog med samferdselsministeren kring forskjellige tema.

Ny adresse for administrasjonen, Furene 42

Ettar mange år i Volda sentrum, har vi endelig fått samla heile administrasjonen i nytt bygg. Ny adresse er Furene 42, i det nye industriområdet lokalisert mellom Ørsta og Volda. Veldig kjekt å få samla verkstad, administrasjon, delelager, vaskehall, og brakkerigg på samme adresse.

Volda Maskin er vinnar av Fylkesprisen Årets bedrift 2017!

Dette er stor stas! Vi er takksame for å motta Fylkesprisen for Årets bedrift 2017! Bedrifta veks jamnt og trutt og vi tek denne prisen som eit lite signal på at vi har lukkast på nokre område. Så er det berre å brette opp armane og arbeide vidare. Suksess kjem ikkje av å kvile på laurbæra!

Vi gratulerer 3 flinke karar med bestått fagprøve!

Idag har 3 av våre lærlingar bestått fagprøva, og kan kalle seg fagarbeidarar i anleggsmaskinførarfaget. Desse er f.v: Eivind Dimmen, Sander Løvik og Bjarte Bergset. Vi gratulerer så mykje !

Årets lærebedrift 2017

Volda Maskin AS er kåra til Årets Lærebedrift 2017! Prisen vart utdelt av kunnskapsminister Jan Tore Sanner, på messa Arctic Entrepreneur. At vi når opp i ei konkurranse med 2000 andre bedrifter i bransjen er veldig kjekt! Vi set stor pris på dette og tek det som ein bekreftelse på at vi har gjort noko rett og framtidsretta. Vi har lenge hatt som uttalt mål at arbeidsstokken skal bestå av 10% lærlingar (13,3 prosent av arbeidsstokken er lærlingar per dags dato). Vi vil trekke fram Opplæringskonsulent Espen Wicken i OKAB som bistår oss i jobben med lærlingane, og vi rettar også ei stor takk til alle våre tilsette, som er med på å ta imot og lære opp lærlingane som får plass hjå oss. Dette er ein jobb vi gjer saman!

Ny veg til Skipavika Næringspark

Vi har fått tildelt kontrakta på bygging av den 3,9 km lange nye fylkesvegen som skal gå til Skipavika Næringspark. Dei som bur i nærområdet vil også få stor nytte av den nye vegen. Torsdag 22.06 var det offisiell åpning.

Sluttbefaring på Sørdalselva Kraftverk

Då har vi hatt sluttbefaring på Sørdalselva kraftverk. Vi seier tusen takk for oppdraget og godt samarbeid til Småkraft, med Magne Eirik Nielsen i spissen. Takka vere den gode byggeleiinga har vi i fellesskap skapt eit flott kraftverk.

Siste innspurt på Eid omsorgsenter

I dag vert parkering og innkjøring til nye omsorgsenteret på Eid asfaltert og det nermar seg ferdigstilling for vår del. Vi har arbeidd tett opp mot barnehagen som er næraste nabo til prosjektet.

Huldreparet i Vangbergtunellen

Huldreparet i Vangbergtunellen på vegen frå Olden til Innvik, har starta feiringa va ny veg og tunell allereie.

Arctic Entrepreneur

Volda Maskin fekk takka vere samferdselsminister Ketil Solvik Olsen gratis reklame på Arctic Entrepreneur. Ministeren kan meir enn samferdsel, også å finne fine bilder :) Bildet er tatt frå vårt prosjekt D39 Dregebø i Gaular kommune.

Asfaltering på FV 60 Ugla Skarstein

Asfalteringa av første strekket på ca. 600 meter er fullført og vi går straks i gang med å sette opp rekkverk. Om vergudane er på vår side håper vi å få asfaltere eit tilsvarande strekk før jul.

Overrekking av Dam Bjørndalsvatnet

I dag var det overrekking av rehabiliteringsprosjektet på Dam Bjørndalsvatn 500moh. Arbeidet har vore både utfordrande og spennande, og vi er godt nøgde med resultatet. Vi takkar SFE Produksjon og Veidekke for samarbeidet.

Nydelig dag på 1033moh

Med dette flotte biletet tatt frå Sagtennene 1033moh vil me ynskje alle ein fin dag i sola! :)

Volda Maskin har sikra seg arbeid ut 2017

Volda Maskin er glade for å ha sikra seg arbeid ut 2017, og ser fram mot eit samarbeid med Kruse Smith. Kontrakta er verdt over hundre millionar kroner og gjeld utbetring av ei strekning på om lag fem kilometer på Fv 60 mellom Ugla og Skarstein i Stryn kommune. Vegen har tidlegare vore kåra til Norges verste veg!

K 10 Klepp

Volda Maskin har inngått avtale med Volda kommune på utbygging av vegar og teknisk anlegg for byggesteg K10 på Klepp i Volda.

Ny Øyra Skule

Volda Maskin har inngått avtale med Veidekke som total underentreprenør på bygging av ny Øyra skule. Arbeidet startar i august og skal ferdigstillast hausten 2017.

Sørdalselva Kraftverk

Vi har inngått kontrakt med Småkraft AS om bygging av Sørdalselva Kraftverk.

Oppgradering av det ærverdige Kaarstadbygget

Volda Maskin har inngått avtale med Veidekke på utføring av grunnarbeid i forbindelse med renovering av heile ventilasjonsanlegget på Kaarstadbygget (gamle lærarskulen) i Volda.

Krona på verket på plass!

Dei tre granittsøylene som utgjer «portalane til Ulsteinvik» er på plass i rundkøyringa i enden av den nye Sjøgata i Ulsteinvik. Kunsten vart heist på plass i går kveld, under oppsyn av bilethoggaren sjølv, Bård Breivik.

Bra jobba Sigrid!

Kjekt å få slike tilbakemeldingar på våre tilsette. Bra jobba Sigrid!

Åpning av Fylkesveg 61, Sjøgata

Vårt arbeid på den nye Miljøgata i Ulsteinvik skal avsluttast i disse dagar og her kan du sjå resultatet av arbeidet vi har lagt ned dei siste åra.

Ny lagerhall i Furene

På eigedomen i Furene er vi komen godt i gang med oppsetting av nytt lager på 1100 m². Dette skal ferdigstillast før vinteren, og skal mellom anna nyttast til lagring av maskiner og utstyr.

Opning av første delmål på Miljøgata i Ulsteinvik

Første del av Sjøgata er no opna for trafikk. Dette signaliserer overgang frå byggetrinn ein til byggetrinn to i miljøgateprosjektet. Første del av prosjektet vart ferdig i tide, og vi er allereie godt i gang med andre del av prosjektet.

Ny logo og visuell identitet

Volda Maskin har vakse mykje dei siste åra. Som eit ledd i arbeidet med å styrke vår identitet og omdøme, har vi valt å fornye vår logo og visuelle identitet, samt designe ein heilt ny nettstad! Valet av designbyrå falt på det voldabaserte byrået Kib og Morits. Prosessen har våre spennande og vi er veldig nøgde med resultatet.

Ny kontrakt på vintervedlikehald

Volda Maskin har inngått 5-års kontrakt med Veidekke om vintervedlikehald på strekninga Rotsethorntunnelen-Rjånes, og Rundkjøring Furene- Eiksundtunnelen.

Kurs i arbeidsvarsling

I september har 27 av våre tilsette vore på kurs i arbeidsvarsling. Dette er eit kurs for alle som har vegen som arbeidsplass.

Nytt Prosjekt – E39 Gaular

Volda Maskin starta i august 2014 på eit nytt prosjekt i Sande i Sunnfjord. Vi skal bygge parsellane E 39 Dregebø – Grytås, og Birkeland – Sande.

Betongpadda på veg til paddeland

Multikunstnaren Robert Steinnes har laga paddeskulpturen som skal få sin plass, på den nye parkeringsplassen i Austefjorden. Her skal den få stå som eit monument for sine levande likesinna. Austefjorden har Skandinavias største paddebestand, og det fortjener ein eigen skulptur.

Vegopninga av E 39 Kvivsvegen

I dag står maskinene stille - no er det feiring av vegopning for Hjartåberget og Årset-Geitvika. Samferdsleminister, statssekretær, ordførarar og mange fleir deltek på opninga.