Lokalt prosjekt, Furene VA – Vi utfører arbeid med utskifting av VA-anlegg for Volda kommune i Furene. Arbeidet utførast frå kryssing ved Morkavegen sør for næringsområdet, forbi vårt eige kontor og lager og fram til Morkafura ved vaskeriet. Det er ei strekning på om lag 420 meter. Det meste av vegen må gravast opp for å få plass til nye leidningar. Det medfører at det ikkje vil vere mogleg å ha gjennomkjøring i Furene i anleggsperioda. Vegen forventast å vere opna på nytt i månadsskiftet april-mai. Det er mogleg å kjøre til bedriftene i området via anleggsvegen frå vest.