Vi har auka arbeidsmengd og søkjer etter:
Anleggsmaskinførar
Lastebilsjåfør
Anleggsrørleggar/Anleggsarbeidar
Vi søkjer etter dyktige folk på fleire områder, hovudsakleg med fagbrev og erfaring frå anleggsbransjen. Vi ser etter deg som arbeider godt sjølvstendig, men har også evna til å arbeide og kommunisere godt med andre. Du må kunne utføre variert arbeid og vere innstilt på arbeidstidsordningar med moglegheit for å bu vekk på anlegg. Du har auge for gode løysningar, arbeider strukturert og har gode rutinar for HMS og kvalitet.
Dine kvalifikasjonar:
- Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid.
- Erfaring frå anleggsbransjen eller andre relevante bransjar.
- Beherskar norsk munnleg og skriftleg godt.
- Maskinførarbevis, ADK eller andre aktuelle kurs.
- Fagbrev innanfor relevant fagområde.
- Førarkort klasse B/BE/C/CE, gjerne truckførarbevis.
Vi kan tilby:
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår. (forankra i tariffavtale)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
For meir informasjon og innlevering av søknad og CV, send søknad via nettsida vår eller kontakt Margrete Høydal, e-post margrete@voldamaskin.no.
Søknadsfrist er snarleg. Kandidatar vil verte vurdert fortløpande.