Volda Maskin har laga veg oppover det bratte terrenget, og drive ein 500 meter lang tunell rett inn i fjellet. Vidare har vi lagt strekkfast rørledning. Fallet er på 700 meter så det vert eit stort trykk. Vi har nytta strekkfaste rør, og det er første gong i Noreg at det vert nytta strekkfaste rør med så høgt trykk i så bratt terreng. Vi har også utført grunn- og betongarbeidet på kraftstasjonen og koordinering av trykksjakt på 520 meter.  Kontraktsum:  25 mill.