Delar av prosjektet var ikkje landfast, så det vart ei spesiell drift med tanke på tilkomsten. Folk og utstyr vart frakta med lekter og båt over til Eika. På T 06 opparbeidde vi ca. 2 km ny riksveg 653 langs Hovdevatnet mellom Helgehorntunellen og Morkaåstunellen. I tillegg hadde vi breiddeutviding og omlegging av E 39 i Furene. Her vart opparbeidd nytt kryss med rundkjøring, ny veg, gang- og tilførselsveg på ca 800 meter. Prosjektet omfatta og utgraving av miljøtunell i Furene. Kontraktsum:  49 mill.