Sentrale godkjenninger

Utførande

  • Veg- og grunnarbeid, klasse 3
  • Landskapsutforming, klasse 3
  • Vannforsynings- og avløpsanlegg, klasse 3
  • Riving og miljøsanering, klasse 3
  • Innmåling og utstikking av tiltak, klasse 3

Prosjekterande

  • Oppmålingsteknisk prosjektering, klasse 2
  • Geoteknikk, klasse 1
  • Vannforsynings-, avløpsanlegg, klasse 1

Ansvarleg søkjar

  • Ansvarleg søkjar for alle typar tiltak, klasse 1

Meir utfyllande informasjon finn du på direktoratet for byggkvalitet

http://sgregister.dibk.no/ente...

Samferdselsprosjekt

Siste åra har vi hatt mange spennande oppdrag på fleire større samferdselsprosjekt i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. 29-års erfaring og høg kompetanse i kombinasjon med ein moderne maskinpark gjer oss rusta til å ta alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar.  

Vi har mellom anna utført arbeid på to parsellar på Eiksundsambandet, vi har bygd ny miljøgate i Ulsteinvik,  og vi har sett spor etter oss på tre parsellar langs E 39 Kvivsvegen. Vi har blitt røynde på kraftverkutbygging og i 2018/2019 skal vi bygge rørgater til Røfsdalselva Kraftverk og Helgåa Kraftverk. Vi har god kompetanse på vegutbygging og tunelldriving og i 2018 avslutta vi arbeidet med å utbetre "Noregs verste veg" Olden-innvik 6 mnd før estimert tid.

Prosjektering

Vi har sentral godkjenning som prosjekterande innan forskjellige fagområde. På denne måten kan vi hjelpe oppdragsgjevar gjennom fleire fasar enn berre den praktiske utførande prosessen.

Graving, muring og sprenging

Med ein fleksibel og allsidig maskinpark kan vi ta på oss alle typar gravearbeid, muring og komprimering. I tillegg utfører vi sprengingsarbeid.

Geomatikk

Som grunnentreprenør er presisjon heilt grunnleggjande for kvaliteten på sluttproduktet. Derfor har vi opparbeidd oss ei solid kompetanse innan geomatikk. Volda Maskin utfører oppmåling, utstikking, 3D- modellering, masseberekning, og dokumentasjonsarbeid. I tillegg har vi lang erfaring med bruk av 3D-maskinstyring. Dette er montert på alle våre gravemaskiner over 10 tonn.

Kraftverkutbygging

Vi har mange års erfaring med kraftverkutbyggingar. Dette er ofte jobbar i spektakulær natur, med vanskeleg tilkomst. Det har vore krevjande oppdrag som har gitt oss spennande utfordringar og nyttige erfaringar. Vi har bygd vassvegar, rørgater, tunellar, demningar, og fundament.

Kraftverk vi har hatt oppdrag på: 

  • Røfsdalselva Kraftverk
  • Helgåa Kraftverk
  • Sørdalselva Kraftverk
  • Eidsetelva Kraftverk 
  • SFE Ålfoten
  • Bjørdalen og Daurmål 
  • Ringdal Kraftverk 
  • Steinsvik Kraftverk 
  • Urke kraftverk 
  • Mehuken vindmøllepark.

Tunnellarbeid, boring og sprenging

Vi har utført innreiing av vegtunellar, med utlasting, grøfting, drens, rørgater og vegbygging. Vi har også bygd fleire tunellar i samband med kraftverksutbygging.

Kommunaltekniske anlegg

Volda Maskin utfører alt av grunnarbeid til bustadtomter, næringsbygg, vegar og idrettsanlegg m.m. I tillegg utfører vi VA- prosjekt, samt renovering og oppgradering av gamle VA-anlegg.

  • Mosbakkane
  • Sætremarkvegen
  • Eplehagen
  • Morkaåsen bustadfelt
  • Furene industriområde
  • Engeset-Klepp Bustadfelt
  • Garsholhøgda/Garnesvatnet
  • K10 Klepp

Drift og vedlikehald av vegar

Vi har kontrakt med Veidekke for vintervedlikehald.

Idrettsanlegg

  • Mørehallen, innandørs idrettsanlegg i Volda
  • Friidrettsbane for Haugen IL, Nordfjordeid
  • Volda Skatepark
  • Volda Dirtpark
  • Tribuneanlegg i naturstein på Grodås
  • Vi har og laga kunstgrasbaner til fleire Idrettslag. - Åmdal IL, legene kunstgrasbane - Gursken IL - Hellesylt kunstgrasbane - Dalsfjorden fotballklubb