Volda Maskin er medvitne vårt samfunnsansvar, vi tek vare på våre tilsette, våre samarbeidspartnarar og våre omgivelsar. Det er viktig at bedrifter som har moglegheita satsar på dei unge, og gir dei læreplass slik at ungdommen får den praktiske tilnærminga dei treng for å verte dyktige fagarbeidarar i framtida.

Det er også viktig å bidra til lokalt initiativ og eldsjeler som arbeider frivillig for at vi andre skal ha gode lokale tilbod innan kultur, idrett og helse. Difor brukar Volda Maskin kvart år midlar for å støtte opp om ulike aktivitetar. Her i regionen har vi eit rikt idretts- og kulturliv, mykje grunna frivillig arbeid. Vårt mål er å vere ein bidragsytar som motiverer til dugnadsinnsats, og gjer det lettare å skape verdiar i lokalsamfunnet. Vi er ein av bronsesponsorane til VTI Fotball, og i tillegg støttar vi opp om mange andre idrettslag og organisasjonar som gir ein verdi tilbake til samfunnet innan både idrett, kultur og helse.