Sponsormidlar og lokalmiljøet

Det er viktig å skape eit godt tilbod der folk bur og det kan ein lukkast med om lokalt næringsliv spelar på lag. Vi er hovudsponsor til VTI Fotball og å støtte opp om tilbod til barn og ungdom er vårt hovudsatsingsområdet i åra som kjem. I tillegg støttar vi blandt anna Barnekreftforeninga, Røde kors, Blindeforbundet,VTI langrenn og skiskyting, Skateparken, Malakoff, Linderock og ein del andre arrangement her i området. 

Lærlingar

Vi satsar aktivt på lærlingar og har som mål at 10% av arbeidstokken skal være lærlingar. Det er viktig at bedrifter som har moglegheita satsar på dei unge og gir dei læreplassar med godt innhald, og tett oppfølging, slik at ungdomen vert dyktige fagarbeidarar i framtida. Volda Maskin Vart kåra til Årets Lærebedrift i 2017, og det tek vi som eit teikn på at vi har fokus på rett plass.

Per idag har vi 9 lærlingar, noko som utgjer ca 14% av arbeidsstokken.

Miljø

Miljøet står stadig i ulike utfordringar og alle må prøve å gjere sin del for å redusere utslepp, forsøpling og overforbruk. Volda Maskin tek grep på fleire område slik at vi samla sett kan gjere ein forskjel. Vi tilfredstille lov forskrift og kundekrav til det ytre miljøet på ein slik måte at vi bidreg til eit betre miljø. I tillegg har vi sett oss som mål å ha ein ny og moderne maskinpark som tilfredsstiller dei nye krava til CO2 utslepp.Vi har blant anna fokus på å redusere tomgangskjøring.

I administrasjonen kjører vi ein nøktern innkjøpspolitikk. Dei små grepa i kvardagen er også med å bidra som for eksempel kildesortering, mindre bruk av papir, og mindre svinn av verktøy.

I 2017 inngikk vi ein avtale med Volda VTI som vi er hovudsponsor for om å få i stand eit system for oppsamling av gummigranulat. Dette er eit stort problem landet over med alle kunstgrasbanene.

IA- Bedrift

Volda Maskin er IA-bedrift. Dette inneber at vi som arbeidsgjevar i samarbeid med tillitsvalde og tilsette arbeider målretta for ein meir inkluderande arbeidsplass. IA-arbeidet går inn som ein naturleg del av vårt førebyggjande HMS arbeid. Vi nyttar dei ressursar som fins for å leggje til rette for ein best mogleg arbeidskvardag for våre tilsette.

Sponsormidlar og lokalmiljøet

futt- vti.jpg

Volda Maskin er stolt hovudsponsor til VTI fotball som gjer ein kjempejobb for born og ungdom. I tillegg til våre økonomiske bidrag, samarbeidar vi også om å utvikle eit heilheitleg system for oppsamling av gummigranulat. VTI Fotball er oppteken av miljøet og dei kontakta oss tidleg i 2017 for å høyre om moglege løysingar på eit heilheitleg system. Vi likar slike haldningar og beslutta å prøve å bidra til ei god løysing. 

IA-bedrift