Kvalitetspolitikk

Vi forpliktar oss til å kontinuerleg styrke vår konkurranseevne ved så tydelege avtalar at vi både leverer i samsvar med desse, og aukar vår inntening. Vi har til hensikt å ytterlegare styrke vårt omdømme på marknaden av å vere løysingsorienterte og pålitelege. 

Per i dag er vi sertifisert etter Argusnormen, eit kvalitets- og miljøstyringssystem beskrive på www.argus.no – basert på prinsippa i :

                                                      NS-EN ISO 9001:2015 Kvalitetsstyring
                                                      NS-ISO 10006:2017 – Kvalitetsledelse i prosjekter
                                                      NS-EN ISO 14001:2015 Miljøstyring
                                                      NS-EN ISO 45001 Arbeidsmiljøledelse

Samt dei krav som blir stilt ved gjennomføring av søknadspliktige tiltak etter Plan- og bygningslova, jf SAK10 §10-1.1 og 2 og Veibygging etter krav i N200/R761

Bedrifta har utarbeidd eigen HMS-handbok der vi basert på gjeldande lovverk har sett oss overordna mål innan kvalitetsstyring, helse, miljø og sikkerheit.

Miljøpolitikk

Vi skal tilfredsstille lov, forskrift og kundekrav på ein slik måte at vi bidreg positivt. Vi forpliktar oss til å forebygge vår belastning på det ytre miljø slik at naturen si evne til sjølfornying ikkje vert svekka, og slik at vårt omdømme som ei løysingsorientert bedrift vert styrka også med omsyn på det ytre miljø.


Helse og tryggleikspolitikk

For å sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø på anleggsplassen har vi strenge rutiner for tryggleik- og sikkerheitstiltak i alle faser av prosjekta. I planleggingsfasen av prosjekt vert det utført risikoanalyser av dei oppgåver som skal utførast. På grunnlag av identifisert risiko vert det utarbeidd ein komplett kvalitets- og miljøplan som omfattar heile prosjektet.

Volda Maskin er IA-bedrift. Dette inneber at vi i samarbeid med tillitsvalde og tilsette arbeider målretta for ein meir inkluderande arbeidsplass. Det er viktig med eit godt arbeidsmiljø, god dialog, og å styre fokus mot moglegheiter. IA-arbeidet går inn som ein naturleg del av vårt førebyggjande HMS arbeid. Vi nyttar dei ressursar som fins for å leggje til rette for ein best mogleg arbeidskvardag for våre tilsette.

Vår erfaring er at det nyttar å drive førebyggjande HMS arbeid. Sjukefråværet er redusert og ligg under landssnittet.