Arbeidsmiljø

Gjennom nære relasjonar og tillit har Volda Maskin AS bygd eit solid grunnlag for eit robust og godt arbeidsmiljø. Eit kontinuerleg fokus på kompetanse- og kunnskapsheving er med på å løfte arbeidsmiljøet. Med velferdstilbod som treningsavtale med Aktiv Trening, samt organiserte turar søker vi å auke trivselen for dei tilsette gjennom ei betre helse og sosialt lag. Vi har òg eit nytt kontorbygg med god belysning, godt inneklima og moderne kontor med hev- og senk pult for alle.

Sikkerheit

Kartlegging av risiko og involvering av tilsette før oppstart av prosjekt er vår tilnærming til å redusere risikoen. Vi dannar eit erfaringsgrunnlag basert på vår avviksbase, og fattar tiltak etter å ha analysert gjentakande hendingar/utfordringar. Gjennom kompetanseheving, sikkerheitsopplæring og ein stadig modernisert maskinpark arbeider vi målretta for å redusere tilløp til ulykker.