Kvalitetspolitikk

Med eit mål om å framleis kunne vere ein allsidig, robust og påliteleg aktør på markedet fekk vi i oktober 2019 ISO-sertifisering etter standardane NS-EN ISO 9001:2015 Ledelsessystemer for kvalitet og NS-EN ISO 14001:2015 Ledelsessystemer for miljø.

Dette styrkar konkurranseevna vår, og vi tilfredstiller alle krav frå oppdragsgivarar både innan kvalitet og miljø.


Miljøpolitikk

Vi skal tilfredsstille lov, forskrift og kundekrav på ein slik måte at vi bidreg positivt. Vi forpliktar oss til å forebygge vår belastning på det ytre miljø slik at naturen si evne til sjølfornying ikkje vert svekka, og slik at vårt omdømme som ei løysingsorientert bedrift vert styrka også med omsyn på det ytre miljø.


Helse og tryggleikspolitikk

For å sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø på anleggsplassen har vi strenge rutiner for tryggleik- og sikkerheitstiltak i alle faser av prosjekta. I planleggingsfasen av prosjekt vert det utført risikoanalyser av dei oppgåver som skal utførast. På grunnlag av identifisert risiko vert det utarbeidd ein komplett kvalitets- og miljøplan som omfattar heile prosjektet.

Volda Maskin er IA-bedrift. Dette inneber at vi i samarbeid med tillitsvalde og tilsette arbeider målretta for ein meir inkluderande arbeidsplass. IA-arbeidet går inn som ein naturleg del av vårt førebyggjande HMS arbeid. Vi har eit stort fokus på å leggje til rette for ein best mogleg arbeidskvardag, og vår erfaring er at det nyttar å drive førebyggjande HMS arbeid. Sjukefråværet er redusert og ligg godt under landssnittet.