Vår visjon er at vi skal vere der det skal byggast. Fornøgde oppdragsgivarar er vår beste marknadsføring, og vi arbeider difor kontinuerlig for å vere ein sterk aktør innan vår bransje. 27-års erfaring og høg kompetanse i kombinasjon med ein moderne maskinpark gjer oss rusta til å ta alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsaklig i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Kompetanse og kvalitet

Volda Maskin legg vekt på å være ei attraktiv bedrift, med høg kompetanse innan våre fagfelt. Vi har gode system og moderne utstyr som er tilpassa aktiviteten i vår bransje. Dette sikrar god gjennomføringsevne i alle typar prosjekt.

Vi har 65 fast tilsette, og faste avtalar på innleigd arbeidskraft etter behov. Våre tilsette har kompetanse innan alle fagområder i bransjen. Volda Maskin er medlem av MEF - Maskinentreprenørenes Forbund og OKAB - Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene.

Vi er godkjend lærebedrift og satsar aktivt på lærlingar. Vi har som mål om at 10% av arbeidstokken skal vere lærlingar. Som opplæringsbedrift har vi fokus på kvalitet og kompetanse i alle operasjonar. Vi har lærlingar i Fjell og Bergverksfaget, og i Anleggsmaskinførarfaget. Per dags dato har vi 9 lærlingar hjå oss. Vi meiner det er viktig å vise lærlingar tillit, og gi dei ansvar slik dei får vise kva dei er god for. Som lærling hjå oss får ein prøve seg på mange ulike jobbar som gir ulike utfordringar. Dette gir verdifull arbeidserfaring. Anleggsbransjen er ein spennande bransje med gode framtidsutsikter. Jobbmoglegheitene er gode og ein har mange ulike utdanningsvegar vidare for dei som har fagbrev.

Samfunnsansvar

Volda Maskin er medvitne vårt samfunnsansvar, vi tek vare på våre tilsette, våre samarbeidspartnarar og våre omgivelsar. Vi satsar aktivt på lærlingar og har som mål at 10% av arbeidstokken skal være lærlingar. Det er viktig at bedrifter som har moglegheita satsar på dei unge, og gir dei læreplass slik at ungdomen får den praktiske tilnærminga dei treng for å verte dyktige fagarbeidarar i framtida. Per idag har vi 9 lærlingar, noko som utgjer ca 14% av arbeidsstokken.

Det er også viktig å bidra til lokalt initiativ og eldsjeler som arbeider frivillig for at vi andre skal ha gode lokale tilbod innan kultur, idrett og helse. Difor brukar Volda Maskin kvart år delar av overskotet til å støtte opp om ulike aktivitetar. Her i regionen har vi eit rikt idretts- og kulturliv mykje grunna frivillig arbeid. Vårt mål er å vere ein bidragsytar som motiverer til dugnadsinnsats, og gjer det lettare å skape verdiar i lokalsamfunnet. Vi er ein av hovudsponsorane til VTI Fotball, og i tillegg støttar vi opp om mange andre idrettslag og organisasjonar som gir ein verdi tibake til samfunnet innan tema idrett, kultur og helse.