Vi skal gjennomføre vegbygging i dagen og tunnelarbeid, alt utanom betogarbeid og tunneldriving. I vest skal det byggjast ein tunnel på 1.170 meter forbi Vangberghammaren. Vidare mot Olden går vegen langs eksisterande trase, med enkelte justeringar av veglinja. 

Det er svært gledeleg at vi fekk dette oppdraget i ei tid der det er lenge mellom moglegheitene. Det har ikkje vore utlyst ein vegjobb i vårt område på halvanna år, og meir enn nokon gong er det kamp om oppdraga.