Prosjektet omfattar mellom anna 4,2 km hovudveg, sidevegar, gang- og sykkelveg, 760 meter tunnel, bruer og kulvertar. Prosjektet skal vere ferdigstilt ved årsskiftet 2015/2016.

Vi har ein fin gjeng på 20 mann pluss innleigd arbeidskraft, som bur på den nye brakkeriggen vår nede i Sande i Sunnfjord. Formann på prosjektet er Frank Erik Rangsæter.