I samarbeid med Argus AS starta vi opp prosessen med sertifisering våren 2019 og i oktober vart vi sertifiserte etter dei to standardane 9001 og 14001.

Vi må sørgje for å vere konkurransedyktige på ein stadig aukande marknad og kunne tilfredsstille dei krav som kundane våre stiller både innan kvalitet og miljø. Ved å sertifisere oss etter desse standardane må vi dokumentere at vi kontinuerleg jobbar for å begrense vårt avtrykk på det ytre miljøet samt halde eit fortsatt høgt nivå innan kvalitet i bedrifta.

For å redusere belastninga vår på miljøet prøvar vi å vere beviste på alt frå kildesortering til redusering av tomgangskøyring. Vi følgjer også dei lover og forskrifter som det er krav om for å bidra til eit betre miljø.

Vi i Volda Maskin strekkjer oss mot å fortsatt vere ei løysningsorientert og påliteleg bedrift som leverar produkt og tenester av høg kvalitet på marknaden.

Vi vil takke alle som har bidratt i desse månadane og ein stor takk til Arild Gustavsen i Argus som har hjelpt oss igjennom prosessen!