Vi må sørgje for å vere konkurransedyktige på ein stadig aukande marknad og kunne tilfredsstille dei krav som kundane våre stiller både innan kvalitet og miljø. Ved å sertifisere oss etter desse standardane må vi dokumentere at vi kontinuerleg jobbar for å begrense vårt avtrykk på det ytre miljøet samt halde eit fortsatt høgt nivå innan kvalitet i bedrifta.

For å redusere belastninga vår på miljøet prøvar vi å vere beviste på alt frå kildesortering til redusering av tomgangskøyring. Vi følg også dei lover og forskrifter som det er krav om for å bidra til eit betre miljø.

Vi i Volda Maskin strebar etter å fortsatt vere ei løysningsorientert og påliteleg bedrift som leverar produkt og tenester av høg kvalitet på marknaden.

I samarbeid med Argus AS er prosessen med sertifiseringa godt i gang og vi håpar å ha dette i orden i løpet av hausten. Då vil det kome meir informasjon om dette på heimesida.