Vi var ein av 2050 nominerte og difor set vi stor pris på dette, og tek det som ein bekreftelse på at vi har gjort noko rett og framtidsretta. Volda Maskin har lenge hatt som uttalt mål at arbeidsstokken skal bestå av 10% lærlingar , og på noverande tidspunkt er 13,3 prosent av arbeidsstokken lærlingar. Vi vil rette ei takk til OKAB og opplæringskonsulent Espen Wicken som bistår oss i arbeidet med lærlingane. Og vi rettar sjølvsagt også ei stor takk til alle våre tilsette, som er med på å ta imot og lære opp dei lærlingane som får plass hjå oss. Dette er ein jobb vi gjer saman!